✨ Klarna! Vipps! Gratis frakt! Rask levering med sporing!

Ansiktskrem med raudkløver & nyperoseolje 60ml
Ansiktskrem med raudkløver & nyperoseolje 60ml
  • Last inn biletet i Galleri-visningsprogrammet, Ansiktskrem med raudkløver & nyperoseolje 60ml
  • Last inn biletet i Galleri-visningsprogrammet, Ansiktskrem med raudkløver & nyperoseolje 60ml

Ansiktskrem med raudkløver & nyperoseolje 60ml

Selger
Symre
Vanleg pris
360,00 kr
Salspris
360,00 kr
Vanleg pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert. Frakt vert berekna i kassen.

Ansiktskrem frå Symre med raudkløver & nyperoseolje passar for alle hudtypar, men er særskilt god mot urein hud og for hud med aldringsteikn. Kremen er mjukgjerande og næringsrik, med naturleg talg som inneheld feittløyselege vitaminar som A, D, E, K. Kremen inneheld også villhausta raudkløver frå garden, som er rensande, nærande og mjukgjerande. Nyperoseolje er god mot urein hud, rik på antioksidantar og er særs god for aldrande hud. Kremen inneheld ikkje parfyme og eteriske oljer, så den kan vera eit godt alternativ for dei med sensitiv hud og allergiar.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, tistelolje, uttrekk av villhausta raudkløver, ny- peroseolje.)

Korleis bruke kremen:

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.