✨ Klarna! Vipps! Gratis frakt! Rask levering med sporing!

Naturleg Deodorant Sitrus
Naturleg Deodorant Sitrus
  • Last inn biletet i Galleri-visningsprogrammet, Naturleg Deodorant Sitrus
  • Last inn biletet i Galleri-visningsprogrammet, Naturleg Deodorant Sitrus

Naturleg Deodorant Sitrus

Selger
Vossabia
Vanleg pris
99,00 kr
Salspris
99,00 kr
Vanleg pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert. Frakt vert berekna i kassen.

Føl deg fresh frå dusj til dusj, i kvardag og på dine eventyr! Vossabia sine naturlege deodorantar er effektive til å nøytralisere kroppslukt, med kun supersunne ingrediensar frå utelukkande økologisk landbruk. Ingrediensane er spiselege og mykje blir brukt i vårt vanlege kosthald. Det er bio-bakepulver (utan aluminium og fosfat) saman med pilerot (ein fantastisk helsesam stivelse som er rik på B-vitamin, kalium og andre gode mineral og vitamin) som held unna kroppslukt og samstundes held deg tørr og fresh under armane. I tillegg er det kokosolje, kakaosmør (fairtrade i tillegg til øko.), sheasmør, jojobaolje og bivoks i dei, i tillegg til dei ulike duftane. Deo SITRUS er herleg frisk og lett, med sitron og sitrongras. Den mest populære duften, ein duft alle liker uansett alder og kjønn. Du kjenner igjen duften frå den deilige Sitrus Kropsskrubben vår.Den naturlege deodoranten skal smørast med eit tynt lag under armane, og dette kallast Pit Paste i USA blant anna. Det blir ikkje klissete, og du held deg fresh og deilig heile dagen og vel så det (for meg held den i over eitt døgn sjølv med aktivitet). Og så likar jo me at den er så sunn at det er meir som kosttilskot rett under armane ,) Og heldigvis veldig effektiv også!

IINNHALD PÅ NORSK:
øko bivoks, øko pilerot, øko bakepulver (øko druesaftkonsentrat, øko maisstivelse, sodium bicarbonat), øko kokosolje, øko sheasmør, øko jojobaolje, øko eterisk jasmin, naturleg e-vitamin.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå Vossabia-garden. Resepter utvikla av Vossabia-Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.