✨ Klarna! Vipps! Gratis frakt! Rask levering med sporing!

Leppepomade med ryllik 15ml
Leppepomade med ryllik 15ml
  • Last inn biletet i Galleri-visningsprogrammet, Leppepomade med ryllik 15ml
  • Last inn biletet i Galleri-visningsprogrammet, Leppepomade med ryllik 15ml

Leppepomade med ryllik 15ml

Selger
Symre
Vanleg pris
100,00 kr
Salspris
100,00 kr
Vanleg pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert. Frakt vert berekna i kassen.

 

Symre leppepomade med ryllik er mjukgjerande og god for tørre og såre lepper. Talg gir leppene mjuke og gir næring og fukt. Ryllik er ein gamal medisinplante med fantastiske eigenskaper, som mellom anna har ein rensane, såhelande og antiseptisk effekt på huda. Leppepomaden kan ha god effekt ved utbrot av munnsår og lindrar rifter og sår på munnen. Leppepomaden er veldig dryg i bruk, ein treng veldig lite om gongen.

Symre leppepomade med ryllik er laga med talg – naturleg hudpleie laga på ein liten vestlandsgard. Symre er opptekne av å nytta seg av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget dei har på garden. Dei har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med deira filosofi om å nytte heile dyret, lagar dei hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane til Symre berre 2–3 andre ingrediensar – mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di.

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, olivenolje, honning, eterisk olje av ryllik. Alle våre kremer er registrert etter norsk lov og har sikkerheitsrapport).