✨ Klarna! Vipps! Gratis frakt! Rask levering med sporing!

Leppepomade med appelsin & raudbet 15ml

Leppepomade med appelsin & raudbet 15ml

Selger
Symre
Vanleg pris
120,00 kr
Salspris
120,00 kr
Vanleg pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert. Frakt vert berekna i kassen.

 

Symre leppepomade med appelsin & raudbet friskar opp leppene og gir glans. Leppepomaden har ein nydeleg aroma av appelsin, og den flotte fargen kjem frå raudbet frå Symre sin eigen økologiske marknadshage. Leppepomaden gir næring til leppene og ein frisk gloss.

Symre leppepomade med appelsin og raudbet er laga med talg – naturleg hudpleie laga på ein liten vestlandsgard. Symre er opptekne av å nytta seg av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget dei har på garden. Symre har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med deira filosofi om å nytte heile dyret, lagar dei hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane til Symre berre 2–3 andre ingrediensar – mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di.

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, olivenolje, honning, raudbet, eterisk olje av appelsin. Alle våre kremar er registrert etter norsk lov og har sikkerheitsrapport).