Gratis frakt over 500,- Me sender varene dine 1-3 dagar etter bestilling

Graabein Skjeggmjuknar
Graabein Skjeggmjuknar
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Graabein Skjeggmjuknar
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Graabein Skjeggmjuknar

Graabein Skjeggmjuknar

Vanlig pris
299,00 kr
Salgspris
299,00 kr
Vanlig pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Graabeins Skjeggmjuknar representerar noko heilt nytt på markedet. Den er pleiande på skjegget som ei skjeggolje, og den har stylende eigenskap som ein lett skjeggbalm. Den er ikkje klissete, oppførar seg som ein fuktighetskrem mot huda, og er vannløyseleg slik at den er lett å vaske ut.

Den har verkeleg snudd skjeggverda på hovudet for svorne brukara av skjeggolje og skjeggbalm. Olje vil alltid vera fyrstevalget for pleie, og balm for styling, men Graabein Beard Softener er eit glimrande alternativ som legg seg fint midt mellom produkta som eksisterer på markedet.

Villmark – Har ein markant maskulin profil, men er framleis mild mot hud og ansikt. Den har suksessformelen frå Lysning i botnen, men i tillegg ligg gran-aromaen og lurar bak ein mosegrodd stein. Denne er for dei som ynskjer å gjera eit poeng ut av skjegget sitt. Dei som synes at mann skal lukte mann, og at mann er skog og hardt arbeid. Passar bra saman med rutete flanellskjorter.

Bris – Utan lukt. Bris har same oppskrift i botn som våre andre variantar, men merk at den ikkje lukter «ingenting», den luktar olje, kakao- og sheasmør. Alle oljer luktar, og nokon luktar meir. Bris har ein nøtteaktig aroma, som forsvinn innan få minutter etter at den er påført skjegget.

Bruk: Ein «fingertupp» med krem bør halda til dei fleste skjegg. Fordél i skjegget, og bruk ein kam eller børste til å legge hårene. Eventuelt style skjegget med hårfønar og kam, og deretter stryk kremen over skjegget på overflata.

50ml