✨ Klarna! Vipps! Gratis frakt! Rask levering med sporing. Nettbutikken vert betjent av våre flinke frisørar! Lurar du på noko? Send oss gjerne ein melding via chat-bobla.

Naturleg deodorant Timian og salvie
Naturleg deodorant Timian og salvie
Naturleg deodorant Timian og salvie
Naturleg deodorant Timian og salvie
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Naturleg deodorant Timian og salvie
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Naturleg deodorant Timian og salvie
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Naturleg deodorant Timian og salvie
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Naturleg deodorant Timian og salvie

Naturleg deodorant Timian og salvie

Selger
Vossabia
Vanlig pris
175,00 kr
Salgspris
175,00 kr
Vanlig pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Føl deg fresh frå dusj til dusj, i kvardag og på dine eventyr! Vossabia sine naturlege deodorantar er effektive til å nøytralisere kroppslukt, med kun supersunne ingrediensar frå utelukkande økologisk landbruk.
Ingrediensane er spiselege og mykje blir brukt i vårt vanlege kosthald. Det er bio-bakepulver (utan aluminium og fosfat) saman med pilerot (ein fantastisk helsesam stivelse som er rik på B-vitamin, kalium og andre gode mineral og vitamin) som held unna kroppslukt og samstundes held deg tørr og fresh under armane. I tillegg er det kokosolje, kakaosmør (fairtrade i tillegg til øko.), sheasmør, jojobaolje og bivoks i dei, i tillegg til dei ulike duftane.

Deo TIMIAN og salvie  duftar oppfriskande av desse herlege krydderurtene, og er med å løfte humør og til og med konsentrasjon. Timian er antibakteriell og antiseptisk, perfekt i deo, og salvie er ein rensande urt. Me har særs forsiktige mengder salvie i, då den er så kraftfull av det kun skal bittelitt til.

Den naturlege deodoranten skal smørast med eit tynt lag under armane, og dette kallast Pit Paste i USA blant anna. Det blir ikkje klissete, og du held deg fresh og deilig heile dagen og vel så det. Og så likar me jo at den er så sunn at det er meir som kosttilskot rett under armane ,) Og heldigvis veldig effektiv også!

Innhald: øko bivoks, øko pilerot, øko bakepulver (øko druesaftkonsentrat, øko maisstivelse, sodium bicarbonat), øko kokosolje, øko sheasmør, øko jojobaolje, øko timian eterisk olje, øko salvie eterisk olje, naturleg e-vitamin.