Gratis frakt! Me sender varene dine 1-3 dagar etter bestilling

Tindved og Nesle - regenererande nattkrem
Tindved og Nesle - regenererande nattkrem
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Tindved og Nesle - regenererande nattkrem
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Tindved og Nesle - regenererande nattkrem

Tindved og Nesle - regenererande nattkrem

Selger
Vossabia
Vanlig pris
215,00 kr
Salgspris
215,00 kr
Vanlig pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Oppsummert inneheld Tindved og Nesle planter som kan bidra til å *redusere rynker og linjer, *gje elsastisitet og fukt, *ved eksem, *pigmentforstyrrelser, *urein hud/kviser, *auke blodsirkulasjon og fremje hudens eigne naturlege reperasjonsprosessar

Snakk om salve stappfull av supermat til hud og kropp, med plantar som alle er nøye vald ut til å få vere med i krukka pga deira rike innhald av antioksidantar, vitamin-C, A, og B i tillegg til knallviktige essensielle fettsyrer (omega 3, 6, 9 og den sjeldne omega 7).

Dette er næring som trengs for å gje meir elastisitet og fukt til huden, noko som betyr meir fleksibilitet i alle typar vev. Rik pleie med kun det beste frå naturen! Om då sluttresultatet blir ei frisk, glødande og sunn hud som held seg ung lenger, så er det ikkje oss i mot 😉 Alle plantane valt ut til denne nattkremen er kjent for sitt høge næringsinnhald og sine eigenskapar knytt til regenerering av huden (gjenoppbygging, redusere rynker og linjer, cellefornying, ureinheiter mm). Og dette er absolutt mat utanfrå og inn - difor altså ein botanisk buffet. Som alle Vossabiaprodukt. Her handlar det alltid om å gje eit supersunt tillegg til det å ete sunt og «smøre huden innanfrå» med næringsrike matvarer.

Med Tindved og Nesle nattkrem (perfekt om natta og super når som helst!) får du dei beste matvarer utanfrå og inn, med blant anna dyrebar økologisk granatepleolje, økologisk olje av nypefrø, økologisk hamp- og tistelolje, og ikkje minst dei knalloransje tindvedbæra. Tindved er med her både som eksklusiv øko-olje av bæra, samt som tinktur av tindved. Tindvedbæra i tinkturen er hausta på en gard i Lærdal og deretter behandla og foredla med ærefrykt i ein lang prosess frå dei heng på dei meget stikkete buskene til tinkturen kjem i krukka. Tinktur har me og laga av fantastisk brennesle frå garden vår, plukka gjennom sommaren som var, og nesle: ein av dei mest næringsrike plantane i norsk flora 💚

Tindved og Nesle nattkrem er ganske rødlig/oransje i fargen, og det er pga knallrød nypefrø- og tindvedolje og deira høge innhald av vitamin A (som fremjer danning av kollagen blant anna). Salven er superdryg, og lite trengs om gongen, så du skal ikkje bli klissete eller oransje, då har du alt for mykje på 😅 Men, den gir deg ein skikkeleg nydeleg glød (takk nypefrø og tindved 💚).

Oppdag også den nydelege duften av økologisk rose og rosmarin! Så harmonisk, balanserande og ikkje minst så er desse to også med på å styrke, pleie og gjenoppbygge huden.