✨ Klarna! Vipps! Apple pay! Visa! Mastercard! Gratis frakt! Rask levering med sporing!

Gavepakke - Ansiktskrem og kløsalve
Gavepakke - Ansiktskrem og kløsalve
  • Last inn biletet i Galleri-visningsprogrammet, Gavepakke - Ansiktskrem og kløsalve
  • Last inn biletet i Galleri-visningsprogrammet, Gavepakke - Ansiktskrem og kløsalve

Gavepakke - Ansiktskrem og kløsalve

Selger
Symre
Vanleg pris
500,00 kr
Salspris
500,00 kr
Vanleg pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert. Frakt vert berekna i kassen.

Denne gåvepakka inneheld to favorittar! Og dei kjem i ei nydeleg gåveeske som Symre-damene har designa sjølv – kun i eit begrensa opplag no til jul! 🎄Me hjå Floke er så heldige og har fått tak i 10 av desse flotte gaveøskjene, og me vil gjerne dela dei med dykk! 

Symre sin naturlege hudpleie er laga med omsorg for mennesker, natur og miljø. Dette er ei gåve med meining – handlaga på ein vakker vestlandsgard! 

 

🌲Gåvepakka inneheld:

Symre ansiktskrem med raudkløver & nyperoseolje (60 ml). Dette er ein ansiktskrem som passar for alle hudtypar. Men den er særskilt god mot urein hud og for hud med aldringsteikn. Kremen er mjukgjerande og næringsrik, med talg som har eit naturleg innhald av dei feittløyselege vitaminane A, D, E, K. Kremen inneheld også villhausta raudkløver frå garden der Symredamene kjem frå, som kan ha ein rensande, nærande og mjukgjerande effekt. Nyperoseolje er god mot urein hud, rik på antioksidantar og er særs god for aldrande hud. Rosegeranium er mykje brukt i hudpleie for sine eigenskapar mot urein hud, eksem, aldrande hud. Kremen har ein rik aroma av rose.

Symre kløsalve (15ml) lindrar småsår, gnagsår og rifter i huda. Den er ekstra god på småsår og rifter som klør mens dei gror. God å ha med i sekken på fjelltur, skitur og telttur til alle årstider. Den er veldig dryg i bruk og tar liten plass i sekken eller i lomma. Kundane melder også at salva er veldig god mot eksem/tørr hud, og at den ikkje svir ved påføring. Talg er mjukgjerande og næringsrikt, med naturleg innehald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K. Salva inneheld også oljeuttrekk av ryllik hausta på Symre-garden, i tillegg til eterisk olje av ryllik. Ryllik har gjennom århundra vore ein mykje brukt medisinplante. Planten har mellom anna antiseptisk og sårheldande egenskaper.