✨ Klarna! Vipps! Gratis frakt! Rask levering med sporing!

Handkrem med furunålolje 60ml

Handkrem med furunålolje 60ml

Selger
Symre
Vanleg pris
340,00 kr
Salspris
340,00 kr
Vanleg pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert. Frakt vert berekna i kassen.

 

Symre handkrem med furunålolje er ein mjukgjerande og næringsrik handkrem. Særs god til tørre og sprukne hender. Naturleg og trygg hudpleie, laga på ein liten vestlandsgard!

Kremen er like god til sprukne arbeidsnevar frå mange timar i praktiske yrker, som til verkande hender etter mange timar bak tastaturet. Kremen har ein frisk aroma av furunål, som gjer at den også kan passe godt til menn.

Den er veldig dryg i bruk – ein treng berre litt om gongen. For raskt å få vekk tørr hud, småsår og rifter på hendene bør ein bruke kremen fleire gonger om dagen dei første dagane, og deretter etter behov.

Symre handkrem med furunålolje er ein talgkrem – naturleg hudpleie laga på ein liten vestlandsgard. Me er opptekne av å nytta oss av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget me har på garden. Me har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret, lagar me hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar – mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di. 

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar. 

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, tistelolje, norskprodusert furunålolje frå Kragerø.)