✨ Klarna! Vipps! Apple pay! Visa! Mastercard! Gratis frakt! Rask levering med sporing!

Hårserum Sitrongras 30ml
Hårserum Sitrongras 30ml
  • Last inn biletet i Galleri-visningsprogrammet, Hårserum Sitrongras 30ml
  • Last inn biletet i Galleri-visningsprogrammet, Hårserum Sitrongras 30ml

Hårserum Sitrongras 30ml

Selger
Vossabia
Vanleg pris
259,00 kr
Salspris
259,00 kr
Vanleg pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert. Frakt vert berekna i kassen.

Djupverkande pleie for hår og hovudbotn med nøye utvalde planter. Gjev fukt, glans og dempar krus. Sitrongras er fin til å få bukt med flass og andre plager i hovudbotn.

Hårserumet er drygt i bruk, og kan brukast til hår, skjegg og hovudbotn, som dagleg pleie eller som hårkur i blant. Den er og deileg på huda!

Sitrongras og eukalyptus bidreg her saman med rosmarin og saman gjev dei næring og styrke til håret, og førebyggjer slitasjeskader. Sitrongras er også fin til å minske hårtap.

Brennesle frå garden til Vossabia er her brukt som tinktur i Hårserumet då nesle er kjend både for å motverke håravfall, men og mot flass og kløe i hovudbotn. 

Bruk ved dagleg pleie:

Pump eit par tre sprut i handa, fordel i hand eller fingre og deretter påfør lett i tupper eller i hårlengdene (eller i skjegget).

Bruk som hårkur:

Ha litt større mengde i handa og dra oljen gjennom håret om kvelden, og la den ligge i gjennom natta før hårvask om morgonen. Dersom du vil ha varm-olje-behandling kan du ta ein liten mengde og varme oljeblandingen opp til litt meir enn lunka temperatur, og deretter ha i håret. 

Bruk i hovudbotn: 

Pump ein sprut på finger, løft opp håret ved problemområde og smør inn oljeblandingen i hovudbotn. Eventuelt kombiner bruk som hårkur og hovudbotnpleie. 

Innhald: *jojobaolje, squalane, *ringblomstolje, *kokosolje, *kakaosmør, naturleg e-vitamin, sitrongras eterisk olje*, rosmarin eterisk olje*, eukalyptus eterisk olje*.

 *frå økologisk landbruk

** frå ville vekstar på garden til Vossabia

Mengde: 30 ml

Haldbarheit: minst 12 mnd