✨ Klarna! Vipps! Apple pay! Visa! Mastercard! Gratis frakt! Rask levering med sporing!

Deodorant Sensuell
Deodorant Sensuell
  • Last inn biletet i Galleri-visningsprogrammet, Deodorant Sensuell
  • Last inn biletet i Galleri-visningsprogrammet, Deodorant Sensuell

Deodorant Sensuell

Selger
Vossabia
Vanleg pris
99,00 kr
Salspris
99,00 kr
Vanleg pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert. Frakt vert berekna i kassen.

Føl deg fresh frå dusj til dusj, i kvardag og på dine eventyr! Vossabia sine naturlege deodorantar er effektive til å nøytralisere kroppslukt, med kun supersunne ingrediensar frå utelukkande økologisk landbruk. Ingrediensane er spiselege og mykje blir brukt i vårt vanlege kosthald. Det er bio-bakepulver (utan aluminium og fosfat) saman med pilerot (ein fantastisk helsesam stivelse som er rik på B-vitamin, kalium og andre gode mineral og vitamin) som held unna kroppslukt og samstundes held deg tørr og fresh under armane. I tillegg er det kokosolje, kakaosmør (fairtrade i tillegg til øko.), sheasmør, jojobaolje og bivoks i dei, i tillegg til dei ulike duftane.

INNHALD PÅ NORSK:
øko bivoks, øko pilerot, øko bakepulver (øko druesaftkonsentrat, øko maisstivelse, sodium bicarbonat), øko kokosolje, øko sheasmør, øko jojobaolje, øko eterisk jasmin, naturleg e-vitamin.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå Vossabia-garden. Resepter utvikla av Vossabia-Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

Brukartips

Den naturlege deodoranten skal smørast med eit tynt lag under armane. Ta ein liten mengde på fingeren og smør utover lett som ein plett (Vossabia sjølv nyt dei tre sekunda det tek, fordi det er så sunne saker som går rett i hud og kropp 🌼🐝). Deilig å vite at deo'en er meir som "kosttilskot" rett under armane. Og heldigvis effektiv også!

Det blir ikkje klissete, og du held deg fresh, tørr og deilig heile dagen og vel så det (for meg held den i over eitt døgn sjølv med mykje aktivitet).

Tips for å unngå flekkar på klede er å påføre deodoranten etter du har kledd deg (løft opp genser/skjorte og smør underifrå 👍 SKulle du ha vore uheldig å fått flekker på tekstilane dine: fukt flekken, gni natron inn i flekken, vask på vanleg måte, og borte er flekken 😁

P.S. Svetter og luktar du meir dei første dagane? Nokon kan oppleve at når dei går frå ein "vanleg" deo (med aluminium osv) og over til ein heilt naturleg deo, at dei den første veka (eller eventuelt litt lenger) lukter meir svette, og kanskje svetter meir også. Dette kan vere ein avgiftingsreaksjon etter langvarig bruk av antiperspirant/deodorant med alumnium som hindrar svette. Ha berre litt tålmod så blir det bra! 😁 Det er ikkje alle som opplever dette.