Naturleg deodorant Skog 50ml

Naturleg deodorant Skog 50ml

Vanlig pris
175,00 kr
Salgspris
175,00 kr
Vanlig pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert.

Føl deg fresh frå dusj til dusj, i kvardag og på dine eventyr! Vossabia sine naturlege deodorantar er effektive til å nøytralisere kroppslukt, med kun supersunne ingrediensar frå utelukkande økologisk landbruk. Ingrediensane er spiselege og mykje blir brukt i vårt vanlege kosthald. Det er bio-bakepulver (utan aluminium og fosfat) saman med pilerot (ein fantastisk helsesam stivelse som er rik på B-vitamin, kalium og andre gode mineral og vitamin) som held unna kroppslukt og samstundes held deg tørr og fresh under armane. I tillegg er det kokosolje, kakaosmør (fairtrade i tillegg til øko.), sheasmør, jojobaolje og bivoks i dei, i tillegg til dei ulike duftane. Deo SKOG dufter deilig frisk og mild einer, ein av våre mest medisinske og nytta tresortar, og sjølvsagt overalt oppover Vossabiafjellet. Du kjenner igjen skog og einer frå Sjampo og Vill Kroppsbalsam, herleg!Den naturlege deodoranten skal smørast med eit tynt lag under armane, og dette kallast Pit Paste i USA blant anna. Det blir ikkje klissete, og du held deg fresh og deilig heile dagen og vel så det (for meg held den i over eitt døgn sjølv med aktivitet).